”Je suis
Charlie”
Eg hadde
nettopp hatt kroppsøving då det raude varselljose frå mobilen blenkja. Eit nyheitsvarsel frå Tv2 om at 10 personer
var skotne i Paris var det som møtte augo mine i det eg slo inn pinkoden. No
har det skjedd igjen, tenkte eg. Nokon har gått til angrep på dei verdiane vi
har bygd samfunnet vårt på, med formål om å skapa uro og usikkerheit.
Terrorisme begynner vel å bli eit velkjend ord for dei fleste av oss.
Det var like før klokka 13.00 nyheitsredaksjonane
begynte å få kontroll på kva som eigentleg hadde skjedd. To menn hadde tatt seg
inn i lokala til Charlie Hebdo i Paris, for å drepe. Det var forferdelege handlingar som fant stad!
I ettertid av
terroren har fleire menneske gått ut i gatene for å vise si støtte til
redaksjonen. Gjennom norske og utanlandske tv-kanalar har vi sett fleire
menneske med karikaturar i open gate. Redaksjonen på si side har også utalt at
dei vil forsetje å trykke dei omstridde teikningane.
Vi lev
heldigvis i ei verd der vi kan seie og meine det vi ynskjer, vertfall dei
fleste av oss. Du og eg har
ytringsfridom, og det bør vi vere takknemlege for. Når det er sagt har det ikkje alltid vore
slik. Søkjer vi på 2. verdskrig på wikipedia kan vi lese mykje om den strenge
sensuren av norske mediar i denne epoken av verdshistoria. Heller ikkje her
kunne folk seie og meine det dei ynskja.
For mange,
inkludert meg sjølv ser eg ei verd i framtida. Ei verd der vi alle kan leve
saman, uavhengig av religion og politisk tilhøyring. Eg meiner vi må vere opne
og kunne meine/skrive det vi meiner. På den måten lærer vi oss å kjenne og
saman kan vi utvikle eit samfunnet der vi alle kan ha ei rolle. Når det er sagt
meiner eg du som leser bør tenkja over, kva er forskjellen på ytringsfridom og
god presseetikk?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar